Re: [gnome-no] Gnome nynorsk



On Thu, Nov 15, 2001 at 03:22:46AM +0100, Øyvind Kolås wrote:
> On Wed, 14 Nov 2001, Roy-Magne Mo wrote:
> > Er det noken som er med på å få orden på resten?
> 
> Sjølv brukar eg ikkje gnome, men kun sawfish, eg kunne ha satt meg ned og
> gjort eit forsøk på å oversette dei delane som eg sjølv brukar (sawfish og
> gimp), det som egentlig blir problemet med å oversette gimp,.. er at den
> elektroniske brukarmanualen etterhvart har blitt meget stor, denne er også i
> kontinuerlig utvikling.

Eg trur eg er konvertert frå WindowMaker til gnome/sawfish no. Etter
litt tuning ser ikkje gnome så ille ut. Og sawfish er betre enn eg hadde
venta. Brukarhandbøkene har eg til no ikkje gjort noke med i noke språk,
har prioritert sjølve programma. 

Og om det er ei omsetjing som er påbegynt på gimp, bør ikkje den vere så
mykje i å få på plass heller. Gimp i seg sjølv er ikkje så veldig stor,
gimp-plugins er større, samt det er noken andre gimp-modular.

Eg har såvidt byrja på omssetjinga av sawfish. Den eg har er på ca 30%
og 30% fuzzy. Eg kan sende den til deg, har ikkje sjekka den inn i cvs. 
 
> > Og er det noken andre her som brukar Gnome på nynorsk?
> 
> Vel, det kunno jo ha vore morosamt å prøve, men eg tvilar på at eg endar opp
> med å bruke det fast.

Mine erfaringer no, er at ting kræsjar svært sjeldan og går ganske
greitt. Men no køyrer eg det forsovidt på hardware som burde køyre sjølv
windows XP ganske greitt :) 

-- 
carpe noctem



[Date Prev][Date Next]   [Thread Prev][Thread Next]   [Thread Index] [Date Index] [Author Index]